Direktesendt teater fra Utøya

Updated: Jan 27, 2023

https://www.heddadagene.no/nyheter/direktesendt-teater-fra-utoya

  1. Juni 2021 :

Som ein del av Heddadagene 2021 blir framsyninga 03:08:38 Tilstander av Unntak av Tore Vagn Lid direktesendt frå Utøya til 9 scener over heile landet den 5. juni.

Sommaren 2021 har det gått ti år sidan terroren ramma Noreg. Det er allereie historie, men på ingen måte eit avslutta kapittel. Verken historisk eller politisk. Framsyninga 03.08.38 Tilstander av Unntak er eit forsøk på å rekonstruere dei tre timane, åtte minutta og trettiåtte sekunda det tok å utføre terrorangrepet 22. juli 2011.
 
Når framsyninga no for første gong blir vist på Utøya vil det berre vere mogleg for eit fåtal menneske å vere fysisk samla. Difor har Transiteatret-Bergen fått med seg ni teater frå heile landet til å vise framsyninga direkte overført frå Utøya som ein del av Heddadagene. Slik kan publikum denne kvelden samlast om ei felles festivalteateroppleving utan å vere i same by.
 

 
For mer informasjon om framsyninga, krediteringsliste og billettkjøp, klikk deg inn på heimesida til:
 
Bergen: Det Vestnorske Teateret
 
Oslo: Vega scene
 
Kristiansand: Kilden Teater (avlyst grunna koronasituasjonen lokalt)
 
Molde: Teateret Vårt
 
Kirkenes: Samovarteatret
 
Verdal: Turnèteatret i Trøndelag
 
Stamsund: Figurteateret i Nordland
 
Tromsø: Hålogaland Teater
 
Hamar: Teater Innlandet
 
Fredrikstad: Østfold Internasjonale Teater
 
03:08:38 Tilstander av Unntak mottok Heddaprisen for både Særlig kunstnerisk innsats og for Beste audiovisuelle design i 2020.
 

 
Les intervju med regissør Tore Vagn Lid i Bergens Tidene 26. mai her!
 

 

    0