top of page

Direktesendt teater fra Utøya

  1. Juni 2021 :

Som ein del av Heddadagene 2021 blir framsyninga 03:08:38 Tilstander av Unntak av Tore Vagn Lid direktesendt frå Utøya til 9 scener over heile landet den 5. juni.

Sommaren 2021 har det gått ti år sidan terroren ramma Noreg. Det er allereie historie, men på ingen måte eit avslutta kapittel. Verken historisk eller politisk. Framsyninga 03.08.38 Tilstander av Unntak er eit forsøk på å rekonstruere dei tre timane, åtte minutta og trettiåtte sekunda det tok å utføre terrorangrepet 22. juli 2011. Når framsyninga no for første gong blir vist på Utøya vil det berre vere mogleg for eit fåtal menneske å vere fysisk samla. Difor har Transiteatret-Bergen fått med seg ni teater frå heile landet til å vise framsyninga direkte overført frå Utøya som ein del av Heddadagene. Slik kan publikum denne kvelden samlast om ei felles festivalteateroppleving utan å vere i same by. For mer informasjon om framsyninga, krediteringsliste og billettkjøp, klikk deg inn på heimesida til: Bergen: Det Vestnorske Teateret Oslo: Vega scene Kristiansand: Kilden Teater (avlyst grunna koronasituasjonen lokalt) Molde: Teateret Vårt Kirkenes: Samovarteatret Verdal: Turnèteatret i Trøndelag Stamsund: Figurteateret i Nordland Tromsø: Hålogaland Teater Hamar: Teater Innlandet Fredrikstad: Østfold Internasjonale Teater 03:08:38 Tilstander av Unntak mottok Heddaprisen for både Særlig kunstnerisk innsats og for Beste audiovisuelle design i 2020. Les intervju med regissør Tore Vagn Lid i Bergens Tidene 26. mai her!

Comentarios

Obtuvo 0 de 5 estrellas.
Aún no hay calificaciones

Agrega una calificación
bottom of page